mandag 16. februar 2009

Veke 007 - Strand og identifikasjon


Eg takkar for veldig gode forslag til kva eg kan eviggjere med kameraet! "Vinnaren" i tevlinga om sør-Californiakruset er Magnus Øverli som ville sjå strand! Gratulerer! :D Ta kontakt med meg(esnalabu@hotmail.com, msn eller e-post) for kontaktinfo knytt til sending. Eg veit at dette er kanskje ikkje så mykje strand som ein kanskje ventar, men for å inkludere meg sjølv må eg ty til slike verkemiddel. Eg lovar at det er kilometervis med strender i to himmelretningar. Som kommentar til biletet kan eg sei at alt som er med tørkar seg etter ei litt vel ivrig badeøkt i The OC.

Vidare har folket avgjort at det er Thomas Nystad og Raymond Julin som er i "overskrifta" til denne dialogen, med Robin Åsheim hakk i hel. Eg stolar på folket. Gratulerer Thomas og Raymond, folket støttar dykk.

Og alle som kan: bli ein følgar av bloggen! :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar