
...og litt av eit hol, ikkje sant? Mykje større enn både Grieghallgaragen og Studentsenteret.
No har EG vore dårleg til å legge ut bilete. Men no kjem altså den nyaste visuelle oppdateringa frå statane. Her gledar "den amerikanske familien" seg utruleg til å kome oss inn på "The Late Late Show med Craig Ferguson", og det er like før vi blir skuffa over at vi ikkje fekk kome inn til tross for billettar. Det var ein skikkeleg solrik dag med 30+ skuggen i LA, så vi tok oss ein runde for å sjå på kjendishus og Hollywoodskilt m.m. Ein langt ifrå vekkkasta tur.
Det går mykje i kjøtdeig i dette landet her. Oftast hand i hand med pasta. Ikkje stor avveksling frå Noreg, altså. Forskjellen er at her kjem dei i 5-kiloar og med 40% feitt. "Dritfett".
Prøv å ta eit dynamisk bilete sjølv. Vanskeleg. Eg valte dette biletet fordi det var litt dynamikk i lyset her. Whatever.
No skal eg ikkje skryte på meg for mykje her, men det har vore mykje moro til langt på natt akkurat her. Og som svar på spørjeleiken i forrige veke: Ja. Det samsvarar med kva som er røynda, Leif Ericson day er faktisk ei nasjonal feiring satt på datoen det første skipet med norske immigrantar kom til New York. Datoen er 9 oktober 1825, og skipet heitte Restauration!
Etter eit par veke utan artige parkar, var det paa tide med ein ny ein. Det er noko av det villaste eg har gjort! Dessutan var det nok ein sjanse til aa leike meir med ny-linsa. Vi har bestemt at california sitt flagg var laga til eit anna land, nemleg landet som varte i nesten ein mnd: California!
Ikkje eit krus i stillehavet, men nesten! Når det nærmar seg retur frå Dei Sameinte Statar vert det trukke ein vinnar frå lista over følgjerane! Premien er eit krus frå denne sida av dammen, akkurat kva krus skal bestemmast på ei meiningsmåling etterkvart!
-Anders